Innlands helikopterpilot
Per-Kristian Kongsvik

Hvor mye har du betalt for din flygerutdanning?
Totalt for CPL-H i 2010 var det rundt 600.000,- I ettertid har eg tatt ut IR-H som igjen havna på 500.000,-. Så kjem da litt i reise- og bu utgifter som eg ikkje har nøyaktige tall på.
Fikk du jobb rett etter flyskolen?
Mykje på grunn av at eg bur i Førde der Airlift har hovudbase og difor har hatt ulike sommarjobbar der so var eg heldig å kunne få jobbe som lastemann ein sommar før skulen og fekk moglegheita til å fortsette vidare etter skulegang. Men det er diverre ikkje so mange som har eller får moglegheita til det, og eg veit at jobb marknaden kan være hardare i dag.
Hvordan har karrieren din vært så langt?
Etter skule gjekk eg 3 år lastemann. Ei flott tid, med mykje reising, opplevelsar, men og mykje hard jobbing. Etter dei 3 åra fekk eg kontrakt som trainee, der jobben består av lastemanns jobb, men ein får og utsjekk å moglegheita til å fly og bygge timar. Eit av dei kjekkaste, men hardaste åra sett vekk ifrå all lesinga på skulen... Etter 5 år fekk eg 100% jobb som flyger. Sida den tida har eg jobba i Airlift, og er fortsatt der den dag idag. Har vore heldig og fått ein del turar til Svalbard, flydd mykje lastefyking over heile landet og blitt kjent med eit spennande, men uforutsigbart yrke. Å jobbe på innlandet er veldig kjekt, men ein marknad med lave prisar har prega bransjen alt for lenge. Det trengs eit løft, noko som det jobbes aktivt med og eg trur at framtida ser lysare ut ein på lenge.
Hva er ditt beste råd for en som vurderer flyskole?
Først og fremst, dei fleste selskap har psykologi test som ein del av opptaket for å få jobb. Ta denne før du bruker 1mnok på skule. Om den går vegen, sett deg inn i moglegheitene som er der etter du er ferdig på skule. Tenk over kva type flyging du ønsker å gjere, gjer ein sjekk på moglegheitene for jobb etter skulegang. Når skulen seier det er eit voksande marked, med jobb moglegheitar i både inn og utland: Ring tillitsvalte eller nokon du kjenner som jobbar i bransjen og ta ein prat med dei, det kan godt være det stemmer, men det kan og være at du får eit litt anna syn på saken. Du kan ha "flaks" å treffe på rett tid og komme deg hurtig igjennom lastemannstida, men du kan og ha uflaks og ende opp med fleire år som lastemann grunna lite behov for flygera. Tenk over om det er noko du er villig til å stå igjennom. Til slutt: Om det er flyger du vil bli, har rette motivasjonen og står på, so er det ingen yrke som er like utfordrande og kjekke som det å være flyger. Det viser seg gang på gang at den som held ut, jobbar målretta og skikkeleg over tid, vil få det til. Lykke til!