Eurocopters nyaste medlem, EC 225, satt på bakken

UK CAA har med støtte av Luftfartstilsynet pålagt eit flyforbod for Eurocopters nyaste helikopter, EC 225. Dette etter at helikoptertypen har opplevd 2 ditchinger på Britisk sektor på grunn av tap av oljetrykk på gearboksen, etterfulgt av feilmelding på backupsystemet. Flyforbodet gjelder over ”hostile enviroment” som til dømes operasjonar i Nordsjøen.

UK CAA har med støtte av N-CAA pålagt eit flyforbod for EC 225 over «hostile environment». Dette etter at helikoptertypen har opplevd 2 ditchinger på grunn av tap av oljetrykk på gearboksen, etterfulgt av feilmelding på backup systemet «Emergency lubrication system».

Eurocopter EC225

Eurocopter EC225

Grunnen til tap av oljetykk på gearboksen kom frå ei sprekk, og vidare brot på «oilpump drive shaft» som drive begge oljepumpene, både hoved- og standby- pumpa. Feilen vart ikkje oppdaga av HUMS (Health and Usage Monitoring System).Dette grunna at tida mellom nedlasting (etter kvar tur) og analysering (på slutten av kvar dag) var for lang til å oppdage den hurtige forverringa av sprekkane. HUMS begynte å registrere unormale vibrasjonar ca 4 – 6 flytimer før pilotane fekk feilmelding i cockpit. EMLUB systemet vart aktivert, men det kom ei feilmelding etter ca 1 min. Det har i ettertid vist seg at systemet virka, men at sensorar i systemet har gitt falsk feilmelding som førte til at pilotane måtte utføre «Emergency landing at sea» checklist.

Eurocopter meiner dei har funne årsaka til EMLUB feilmeldinga, men driv forsatt på med undersøking og testing av vertical driveshaft før dei kan utale seg med sikkerheit.

Begge naudlandingane hadde nokså lik utvikling og begge crew gjorde ein utmerka jobb med å sette maskina ned, samt ta vare på passangerane. Ein må også rose UK og Norsk CAA for å hurtig reagere på desse to hendingane og innføre grenser for bruk av helikoptera.

Medan Eurocopter jobbar på høggir for å finne ei løysing på problema med gearboksen, flyg ikkje EC-225 passagerer i Nordsjøen. Likevel kan dei utfører trening og redningsoppdrag slik som me såg utanfor kysten av Finnmark, hausten 2012.

Les også:
– EASB Safety Information Notice
– UK AAIB Bulletin
– EC225 Safety info

– Teknisk Ukeblad med video: EC225: Slik lages skandaleakslingen